Gamlestova
Gardsdrift
Usjenert
Galde Uppigard
Frå Jotunheimen og Bøverdalen ynskjer vi alle velkomne til eit opphald i storslått natur på garden ved Galdesand eller setra på Raubergstulen. Dette er eit fint utgangspunkt for sommarski, fotturar i fjellet, grottevandring, fisking, riding og klatring.
Sentralt også for randonee på vår og forsommar.
Fred og ro ved eit gamalt tun
Kårstugu: Pent, gamalt hus med 14 sengjeplasser fordelt på 4 sengjerom. Godt utstyrt kjøkken med gode kokemoglegheiter og oppvaskmaskin. Stor stove med TV. To dusjar og eitt toalett med servant.
Loftet: Ny, lita leilighet med eitt soverom (tre senger og sovesofa med plass til ein i stova). Stove med TV og godt utstyrt kjøkkenkrok med oppvaskmaskin. Dusj og toalett med servant.
Anna: Gardsmuseum, badstue, tørkerom, sanitæranlegg og tilgang til klesvaskemaskin. Gratis trådlaus internett.
Dalastugu: Ny hytte med seks sengeplassar. Stove med TV og kjøkkenkrok med oppvaskmaskin. Dusj og toalett med servant.
Stabburet: Koseleg, idyllisk rom med fire senger, kokemoglegheiter og llite TV.
Biblioteket: Koseleg rom med to senger. Kokemoglegheiter.
Utleige av sengesett og håndkle.
Sætra på Raubergstulen
Setra ligg ved foten av Galdhøpiggen på den gamle seterstulen Raubergstulen. Den består av to sel. Nyselet er frå 1983 og gamleselet er frå 1828. Fin, barnevennleg og usjenert plass ved vegen til Juvasshytta med utsikt til tjerne og høge fjelltoppar. Høg standard i nyselet.
Galde uppigard galleri
Kontakt oss
Reidun og Arne Galde
2687 Bøverdalen
Telefon: 61212043,
Mobiltelefon: 93291738
Epost: arne.galde@yahoo.no
