Området rundt oss
Lom og Bøverdalen
Galdhøpiggen sommerskisenter finn du 15 km frå garden \ 10 km frå Sætra. Her kan du stå på ski i strålande sol på Juvbreen, under Norges høgaste fjell, Galdhøpiggen. Er du interessert i langrenn finn du Sognefjellet 30 km frå garden.
Fjellturar
Naturen og fjella rundt er ypperlege for fine dagsturar for både store og små. På Juvasshytta har dei føring på Galdhøpiggen, og fjell som Glittertind og Fanaråkern ligg i nærmiljøet. Vil du berre nyte fjellufta på kortare turar er det fleire merkede turløyper.
Galdhøgpiggen klatrepark og grottevandring
Like ved setra ligg klatreparken. Ved vegen til Sognefjellet ligg Dumdalsgrottene, som elva Dumma har gravd ut i fjellet. Her kan du vitje både tørrlagde grotter og grotter der elva renn gjennom i botnen.
På hesteryggen
På Raubergstulen er det også mogleg å få seg ein tur på hesteryggen. Islandshesten er gode turkameratar som tek deg med på flotte turar rundt Raubergstulen.Turane må bestillast på førehand.
Toppturar i vinter og påske
Bøverdalen og Jotunheimen er eit eldorado for toppturar. I området rundt oss finn du mange totusenmeterstoppar som kan utfordrast både til fots og på ski.
Kontakt oss
Reidun og Arne Galde
2687 Bøverdalen
Telefon: 61212043,
Mobiltelefon: 93291738
Epost: arne.galde@yahoo.no
